søndag 12. desember 2010

Lys, lykter og advent


Kastar meg på konkuransen inne hos Home and Cottage.

Adventsutfordring nr 2, her er mitt bidrag:



Som hos dei aller fleste har me ei koseleg, men travel førjulstid.

Pepperkakebaking, lys, røkelse, avslutningar, gavehandling, julekalendar, julekortskriving osv.... KOS!!!

Ha ei super førjulstid alle saman!

søndag 7. november 2010

Snart ny sofa i heimen...

Vår "gamle" sofa som er heile tre år gamal er snart historie. Den var ein gang ein mørk brun "skinn"salong... skinn i hermeteikn, det lønnar seg IKKJE å kjøpe fakeskinn!
Etter berre to år sprakk den opp og "skinn"betar flassa av :( Men.... det betyr at me kan kjøpe oss ny salong:) Fekk heldigvis refundert heile kjøpssummen, så da så:)

Har lenge hatt lyst på ekstorp til IKEA, men har ikkje kalrt å bestemme meg for farge. Den kvite er jo nyyydeleg, men med tre ungar, katt og mann, kor lenge varar det liksom?? Og eg er ikkje så glad i å vaske.
Hadde lyst på beige, men tykkjer den dei har er for gul.... og den grå har vore for tam. Nei det skal ikkje vere lett.



MEN, var på IKEA forrige veke, og no er den grå blitt meir liv i, og da har eg bestemt oss for den:)

Så no blir det ny sofa... * lykkelig *

Veggane våre er malt i fargen sand til jotun, blir det full kræsj, eller går det greit?? Nokre råd hadde vore greit. Må vel kanskje ha nye gardiner, tips her??

Ha ei strålande veke!


lørdag 17. juli 2010

Engler og lykter




Her på sørlandet nyter me sommaren til det fulle!
Har farta litt rundtomkring, har allerede vore ein tur på vestlandet, og ein tur i Kragerø.
No skal me vere heime i tre heile veker, før me setter snuten mot Danmark.
Der skal me først til legoland og deretter skal me besøke søstra mi og familien hennar.
Det gledar me oss masse til!



Eg har nett hatt bursdag, og var så heldig at eg fekk både ei ny lykt, og eit par englar.



Denna søte engelen hadde storesnuppa kjøpt til meg.
Den er ca 20 cm høg, og kjøpt på kremmerhuset, trur eg;)




Kjempefin, rustikk lykt med fine detaljar, kjøpt på drømmerommet i Årdal.
Den fekk eg av storesøstra mi, heldige meg:)




Tilslutt denna kjempefine engelen. Den har eg strengt tatt kjøpt sjølv, men eg har brukt pengar som eg fekk av mamma og pappa, så da tels det vel som gave?

Den har eg kjøpt hos Frøken Olsen i Arendal, og den er stor, ca 40 cm.
Nydeleg!




Ha ein super sommar fortsatt!!


*Sommarklem fra meg*

søndag 11. juli 2010

Skal skal ikkje.....




No når eg har fått malt alt av furu kvitt..



Poppar det fram eit anna malebehov.







Har eit gamalt fint piano, men det er brunt..






Men tør eg??





Fin pianokrakk med nydelege detaljar.


Hadde garantert vorte kjempefin i kvitt...



Kva meinar du??



søndag 30. mai 2010

Bestemorteppet, the never ending story


No har eg holdt på med det i over eit år...
og er enda ikkje ferdig.
Eg er ikkje noko handarbeidsmenneske kan du sei, knis.



Men ,men, det er i gang, og det skal ikkje vere stort,
sidan det skal i leikehytta til Lillesøster.
Eg har eit håp om å bli ferdig....
trur eg....
No har eg litt over 30 lappar, og det er kanskje nok med ca 50??



Leikehytta har fått seg kjøkkenbenk med vaskebolle,
no manglar berre eit forheng, så er det ferdig:)
Tenkte eg skulle hekle grytelappar
i samme farge som teppet, trur det kan bli fint.


Når kjøkkenkroken er heilt ferdig,
lovar eg å komme med bilder:)
Ha ei flott veke!!

søndag 9. mai 2010

vetlejenta har blitt 7 år





Og dagen blei feira med brask og bram rett etter påske.
19 småjenter blei invitert, og 15 dukka opp.
Så med 16 sommerfuglprinsesser i huset i tre timar,
var det liv og røre:)


her er godjenta pynta og klar.


Tema for dagen var sommarfugl

Storesøster blei engasjert, og var til god hjelp.

Sammen med to venninner hjalp dei til med serveringa.

Dei sminka også nesten alle småjentene med sommarfugler i ansiktene.

Dei gjorde ein kjempejobb, og gjestene vart kjempefornøgde.

bursdagsbarnet får sminke av Victoria.




Stua full av småjenter:) Da alle var komne, vrimla det av forventningsfulle

søte små sommarfugler, med vinger og finkjolar.



Sommarfuglkakehøyrer med i ein sommarfuglbursdag...

Kaka er ei sjokoladelangpanne, som er skore ut som sommarfugl.

Sidan snuppa ikkje likar marsipan, er kaka pynta med melisicing, og godteri.


Bordet var pynta med rosa, kvite og lyseblå
sommerfugler.





Storesøster og venninnene arrangerte skattejakt og.

Godteposane vart fylt, merka og gjøymt.

Deretter lagde dei fleire kart, og småjentene fekk det første.

Så bar det ut på jakt etter dei andre karta.

Dei måtte lese og løyse små gåter før dei endeleg

kunne slå kloa i skatten.


Ivrige sommerfugler på jakt etter skatten.

Storesøster og bursdagsbarnet pynta muffins,
Dei vart kjempefine...

Tykkjer dette fatet er så fint til muffins.






Lille, store godjenta:)





No gledar me oss til 17. mai her i huset.
Flagg og bunader skal fram i morgo til inspeksjon og stryking.


Ha ei flott veke alle saman.

lørdag 24. april 2010

Skåler og fat på stett

likar eg veldig godt!!
Tykkjer det er litt meir stasleg så fort ei skål har stett på seg.
Ein liten titt inn i skapet viser eit lite
utvalg av dei skålene og fata eg har...




Til og med kaffikoppane har ein liten stett, hi hi




Det treetasjes fatet er kjempegreit til
muffins...
Her er det muffins til veslas 7 års dag,
pynta av Storesøster og Vesla sjølv




søndag 18. april 2010

arvegods



Det er så fint med gamle koppar og kar,
og hvis du har arva dei av nokon du er glad i er det enda betre.


Denna fine skåla har eg arva etter farmor og farfar.
I den åt eg min barndoms juledessert.
Dei hadde tre slike skåler med ulike mønster,
og dei tre yngste barnebarna fekk desserten servert i kvar si slik skål.
Mange gode minner knytta til den.
I dag brukar eg ho til godteskål blandt anna.
Og den er ein av dei få tinga som IKKJE havnar i oppvaskmaskina.
Ellers så tenker eg sånn at det som ikkje går i maskina,
det har eg ikkje bruk for;)

Denna søte fløtemugga har eg arva
av mormor og morfar.
I og med at den ofte høyrer saman med kaffi,
har eg ikkje barndomsminner knytta til denna.
Trur nok at den vart brukt mest til pent.
Har eg kaffibesøk som vil ha melk eller fløte i
brukar eg alltid denna.

fredag 16. april 2010

Våren er her!




Helga for to veker sidan var det ikkje teikn til kvitveis i hagen, og så...
berre nokre dagar seinare var det kvitt i kvitt.

Og da var ikkje vetle snuppa sein om å plukke,
og eg fekk ei hand full av nydelege kvitveis.
Ahh, våren er verkeleg her!!
Eg har kjøpt nokre små vasar
akkurat til detta formålet....


Denna søte vasen her kjem fra ein interiørbutikk i Risør.
Søt, ikkje sant?
Ynskjer alle saman ei strålande vårleg helg!

søndag 11. april 2010

kjøkkenklokke






Har lenge vore på jakt etter ei fin klokke til å ha på kjøkkenet






Men enten har dei eg har funne vore for dyre,
eller ikkje heilt sånn som eg hadde tenkt.
Men så kom eg over denna klokka, til under 200 kr, og da måtte eg berre slå til.
Kjempefin klokke, med slitt patina.
Skal eg vere pirkete, så er det einaste romertall 4 som ikkje er heilt riktig:)
Men som 14-tisen seier, "hvem bryr seg". :)