tirsdag 28. april 2009

6 årsdag med discopinjata;)

I helga hadde minstejenta barneselskap, og sjølvvalgt tema var disco...



Ho vil gjerne vere med å lage i stand, så muffinsane har ho bakt og pynta nesten heilt sjølv.



Sjokoladekaka vart ein slager, og med så masse nonstop på er det kanskje ikkje så rart?
Midten på blomsten skal forestille discokule, knis.
Og så ville ho ha pinjata til godteriet, og mor sjølv såg for seg lett pynta papirpose....
Men det gjekk ikkje gitt, det skulle jo vere discokulepinjata må vite, he he.
Godt dei veit kva dei vil;)
Så da var det fram med ballong, aviser og tapetlim....
Den brukte laaang tid på å tørke, måtte henge den på badet med ovnen på full fres siste natta.




Med aluminiumsfolie og glitterpapir vart den riktig så fin...




Tulla vart iallefall fornøgd, og dei 10 gjestene måtte slå mange slag kvar før det gjekk hol
og godisen datt ut;)



tirsdag 21. april 2009

Adjø til vinteren

Ein av dei betre tinga med at det er vår, er at ein kan rydde vekk alle dei store vinterkleda...

Og at det spirar og gror i hagen, så klart...

Med to voksne, to tenåringar og ei førskulejente, blir det MASSE vinterkle.
Skibukser, boblejakker, skijakker, boblebukser, dressar, osv.
Alle dessa kleda tar enormt mykje plass...
Dei siste dagane har eg vaska og vaska, for å få rydda vekk haugen av varme klede.
Ein smart vakumsak tar jobben...
Etter å ha fylt den til randen av vinterkle...


Er det på tide å finne fram støvsugaren.

Etter ei stund er haugen mykje meir overkommeleg,

Og plutseleg har eg fått ein passe stor bag som eg kan legge på ei hylle i kjellaren;)
Smart, ikkje sant?



I hagen spirar det litt av kvart, og gullkorga er i knopp.
Lupinane har og komme litt opp, berre blader enda på dei da.


Og bjørka har fått søte små blader :-D
No har eg budd på sørlandet i, tja... snart 13 år, og eg trur det berre har skjedd eit par gonger at det har vore grønt her til 1. mai. Og no er me berre komen til 21. april. Jippi!



Ha ei strålande veke;)

lørdag 18. april 2009

Vinn gave

Inne hos Kari i My home is my Castle kan du vinne ein fin premie:)



Så skynd deg og legg inn ein kommentar på sida hennar, det er trekning i morgo;)

onsdag 15. april 2009

bruktfunn

Har hatt ein runde på bruktbutikk og fretex ;)
Og eg var heldig, litt av kvart å finne der...



Denna søte sukkerskåla fant eg på ein lokal bruktbutikk. Tykkjer den er kjempesøt.


Den kan jo og brukast til syltetøy, eller andre ting...


Eit gamalt fat til å ha diverse på, pålegg kanskje? Glassfatet er i to delar. Lett å vaske.




Stort fint fat som eg har lysestakar og lys på:)

Det var alt for denna gongen, ventar og ventar på loppis;)



søndag 12. april 2009

Påskemiddag;)





Me har hatt middagsgjester tre gonger denna påska. Tirsdag hadde vetlejenta 6 års dag, og da hadde me familien på besøk, og bursdagsbarnet valgte meny, så da vart det pizza;)




Skjærtorsdag hadde me gode venner på lammelår med tilbehør. Det var nydeleg, så mørt at det nesten datt fra kvarandre. .




Og med fløtegratinerte poteter, brokkolisalat og rødvinssaus, var det eit perfekt måltid.






Påskafta var familien her igjen, denna gangen stod det kalkun på menyen.





Kalkunen vart stelt og steikt med omsorg, og vart skikkeleg saftig og god.








Bordet blei som vanleg dekka mest i kvitt... Og kvitveisane som tulla fant, står fint enda.




I lampa har eg hengt nokre egg som eg fekk med ekstra ein gong eg bestilte noko fra Mollys heaven. Dei er kjempesøte.




Me har med andre ord hatt ei flott påske, med masse koseleg besøk.

I dag er me invitert på middag hos gode venner;)

fredag 10. april 2009

påskepynt og vår ;)

Eg er ikkje den som pyntar mest til påske, men palmesøndag sat eg og tulla mi oss ned og lagde nokre påskeegg.



Sidan gult ikkje er ein favoritt, vart det i duse pastellar;)




Hengte dei i lampa på kjøkkenet, der passa dei godt. Passa fint til gardinene og;)




Tulla kom inn med nevane fulle av kvitveis...



Da er det vår! Snøen er så godt som vekke, har ingenting i hagen, men det er ein liten flekk her og der ellers.


I dag har tulla lagd reir til påskeharen, blir spennande å sjå om han kjem innom.

tirsdag 7. april 2009

Vitrineskap før og etter...

Som eg lovte, legger eg ut før og etterbileter av vitrineskapet;)

Var egentleg ferdig med det lørdag, men sidan kameraet var på fotballtur til england, fekk eg ikkje tatt bileter før i dag...



Men den som ventar på noko godt osv....


Her er altså eit bilete av skapet som det såg ut på torsdag....



Torsdag ettermiddag reiste gutane i huset til England, og da kasta eg meg rundt. Det skulle nemleg vere ein overraskelse til dei kom heim...



Ut med alt av glass og skåler, vaske, pusse, vaske....



Grunning og heile tre strøk med maling...
PHU!

Men resultatet vart bra da, om eg skal sei det sjølv;)
Hadde jo planar om å ta eit bord eller to og, og kanskje bokhylla... men med forkjølelse, eit snev av feber og press i bihulane, lot eg det vere med skapet.
Men eg skal love å komme sterkare tilbake, for no har eg fått blod på tann;)
No er det bursdagsfeiring her i huset, Minstejenta fyller nemleg 6 år i dag <3

fredag 3. april 2009

Madonna og rammer

Til bursdagen min i fjor fekk ei ein nydeleg madonnastatue av ei kjempegod venninne;).
Hadde litt problem med å finne ein fin plass å plassere ho...




Men da samme venninna gav meg ei flott glassklokke til jul, var saken klar...



Det var under den ho høyrde heime.
Og med eit lite tinnhjerte og litt blonde, tykte eg det blei riktig så fint;)



Dessa fine rammene har eg 6 måneders bilete av gulla mine i. Tykkjer rammene er kjempefine. Ja babyane og da, knis.



Ynskjer alle ei super palmehelg.
KLEM

torsdag 2. april 2009

Bli ny dag for vitrineskap

I helga har eg store planar om å male litt møblar her i huset.







Det første som står på tapeten er detta vitrineskapet, som var furufarga i nokre år før det blei beisa brunt... No er tida overmoden for å få det lyst og fint, og etter mykje motivering, har eg endeleg bestemt meg for å ta det;)






I samme slengen trur eg at eg skal male salongbordet mitt og. Det var og furu, no har det hatt kvite bein og brunbeisa bordplate nokre år.





Rapport om ferdig resultat kjem om nokre dagar;)

søndag 29. mars 2009

Kjøkkenet vårt ;)



For to år sidan pussa me opp kjøkenet...






Me hadde eit mørkebrunt 70 talskjøkken med raude benkeplater, og kvar gong me opna ei skapdør var me livredde for at ho skulle dette i golvet...



Skuffene var treige og vanskelege, og me måtte lirke for å få dei ut, og å få dei inn igjen var nesten umulig...





Kvitevarene var gamle, og komfyren trengte eit ekstra spark for at me skulle få igjen døra...





Etter å ha levd med eit sånt kjøkken i mange år, var det rett og slett ein nytelse å få nytt, lyst og velfungerande kjøkken;)
Alle skap og skuffer henger der dei skal, skuffene sklir lett og dempa inn igjen, og kvitevarene er innebygde.



Og no to år etter, er den følelsen enda ikkje over, eg nyter kjøkkenet vårt til det fulle.