Viser innlegg med etiketten leikehytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leikehytte. Vis alle innlegg

onsdag 11. februar 2009

Leikehytte og bestemorteppe



Når det er kaldt og guffent ute, er det greit å ha ein hobby. Så.....


For ei veke sidan lærte eg meg å hekle! Eg har aldri tatt i ei heklenål før, så eg er ganske stolt. Eg valgte meg ut tre fargar, og målet var å ha alle fargane på kvar lapp... men da eg var igang balte eg så i starten, at dei vart einsfarga. No går det greit, og eg hekla 6 lappar første kvelden.





Tanken var å hekle eit teppe til å ha inne, men eg har funne ut at det kjem til å ta så lang tid, at da blir det aldri ferdig, he he.

Derfor har eg bestemt meg for at teppet skal ut i leikestua til tulla når våren kjem:)
Trur det vil passe perfekt der inne.




Hytta er kjempesøt. Lita, men akkurat passe til ei lita tulle. Når våren kjem, flyttar ho nok inn igjen der, og da kjem et fleire bileter.


På veggen heng det ei lita nydeleg postkasse, som ho fekk av bestemor i innflyttingsgave :o)
Det hender innimellom at det er brev i postkassa, til stor glede for eigaren.