Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

søndag 12. desember 2010

Lys, lykter og advent


Kastar meg på konkuransen inne hos Home and Cottage.

Adventsutfordring nr 2, her er mitt bidrag:



Som hos dei aller fleste har me ei koseleg, men travel førjulstid.

Pepperkakebaking, lys, røkelse, avslutningar, gavehandling, julekalendar, julekortskriving osv.... KOS!!!

Ha ei super førjulstid alle saman!

onsdag 31. desember 2008

Happy new year


Ja da er 2008 nesten forbi...
Det har vore eit godt år, satsar på at det neste blir like bra, om ikkje betre ;o)



Eg vil ynskje alle eit riktig godt nytt år.
Nyttårskjolen til vetlefrøkna i huset:

Barndommens juleminner

I barndommen var me alltid hos min kjære farmor og farfar på vetle julafta for å pynte tre og hus. Etterpå fekk me kakao og heimebakte bollar. Og når me sat og kosa oss tente farfar englespelet, eit juletre i messing, fire juletrelys og englar som dansa rundt og lagde fin plingelyd.



Detta englespelet, eller dingeldangelen som me kallar det, har eg vore så heldig å arva, så den har plinga lystig i heile jula.







Det er ordentleg gammalt, og når det ikkje er jul, ligg det på loftet i orginaleska si.

søndag 28. desember 2008

Julebordet

Julekvelden feira me heime, og bordet vart dekka i kvitt og sølv, og med masse lys og englar.

Me var 11 til bords, og det vart servert pinnekjøt, kålrabistappe uten gulrot (viktig) og poteter. Desserten var riskrem med heimelaga kirsebærsyltetøy som min kjære mamma har laga.


Vanskeleg å få tatt bilde med rett lys, får liksom ikkje heilt fram den rette stemninga...


Ei lyskjede med perler, diamantar og smålys er vakkert





Kvit asalea er eit must i jula...






Under den smarte blomsterpotta skjuler det seg batteri til lyslenka, he he.





Serviettringane har eg lagd sjølv.


Glassenglar gjer seg tykkjer eg.







Vakre salt og peparbøsser som eg har fått i gave av ei god venninne...










Trudde først eg måtte ta vekk litt av bordpynten, for å få plass til pinnekjøtet, men det gjekk faktisk fint, så da var både eg og mannen nøgde:)


Årets juletre

Juletreet vart pynta på formiddagen vetle julafta, heilt etter tradisjonen.
Her i huset står tradisjonane sterkt i jula. Men nokre endringar er det jo rom for, og for første gang har me smålys på juletreet.

240 smålys og 48 store...
På grunn av alle lysa, vart treet tatt inn på kvelden den 22, og alle lysa satt på.



Tykte det blei veldig fint.

Dermed var det berre til å setje i gang med å henge på kuler og anna stæsj sånn i 11-12 tida den 23... Det var ikkje lite pynt som skulle på. kjøper noko nytt kvart år...





Ein søt engel som gulljenta fekk i kalendaren hos bestemor fekk og henge på treet:




Korger som eg og jentene lagde for nokre år sidan. Enkle og fine tykkjer eg. Det var ei god og nær venninne som har lært meg å lage desse:




Juletreet i all si prakt:
Eit grovt overslag viser at det er ca 250 kuler, englar, iskrystaller osv på treet.
Det er finare in real life.... Ynskjer meg meir pynt til neste år. Blir aldri nok, knis.



Kjenner eg blir rausare med åra og, knis. Hvis du ser godt etter ser du at det er ei heimelaga korg på treet... Vetlejenta hadde med den fra barnehagen, og jammen fekk ho henge ho på treet. Det hadde ikkje skjedd for nokre år sidan. Jula er jo viktig for ungane, og det som gjer dei glad, gjer meg glad <3

søndag 21. desember 2008

Snart jul...


Og tre nøtter til Askepott er eit must:




fredag 19. desember 2008

Fleire englar:)

På pianoet har eg eit lite englekor:







Eit fat med lys og englar:


onsdag 17. desember 2008

Engler daler ned i skjul.



Da eg var sånn 13-14 år hadde eg ein kvit plastengel. Så vidt eg kan hugse var den ikkje så verst til å vere i plast, kneståande og med fine vinger bak på ryggen. Den gang hadde eg ikkje same forkjærlighet for englar som eg har no, så ved hjelp av ein penoltusj fekk den svarte vingar, he he.
Men det var den gang, no er eg veldig glad i englar. I løpet av åra har eg fått meg ei ganske stor samling, og dei står på stas rundt om i huset. Nokre av dei får stå heile året, medan andre kjem fram i desember, og forvinner igjen i januar ein gong.
Denna lubne søte saken sit i kjøkenvidauga mitt. Har ein liknande sittande på badet. Dei får vere framme heile året:)


På ei hylle i gangen står dessa englane:


I trappa har eg eit englekor ståande:










I fjor kom lillefrøkna heim med ein fin engel fra barnehagen, den får stå på hylla med nokre andre englar:





O jul med din glede...



lørdag 13. desember 2008

Pepperkakehus

I år har eg for første gang laga eit eige pepperkakehus, og ikkje eit kjøpehus.
Her i huset er det sånn at ungane har pynta pepperkakehuset, og det har sett slek ut og:)
Eldsteman pyntar med tanke på den store pepperkakeknusefesten, og ikkje med tanke på at det skal sjå fint ut, he he. Heldigvis er mellomjenta meir på mitt lag, men likevel barn...
Så da eg stolt hadde limt saman huset mitt, foreslo eg forsiktig at eg kunne pynte det sjølv... Det falt ikkje i god jord, for å sei det slek. Men da vil det jo ikkje smake godt, var eit argument, no tullar du berre, var ein annan kommentar.... Så da måtte eg gje meg da. he he.

Men eg passa på å få bilete under prosessen:




Og så sneik eg meg til å pynte litt med melis før eg slapp ungane til, knis:





Og så blei huset lassa ned.... Litt lur var eg, som snudde baksida til eldstemann, så den sida du ikkje ser er virkeleg full av både nonstop og seigemenn, knis.


fredag 12. desember 2008

Pepperkakehjerter

Pepperkakene i vinduet har fått raude sløyfer på.



Skal tru om dei får henge i fred fra godtesjuke barn :o)

torsdag 11. desember 2008

Litt meir fra kjøkkenet:)


I helga hadde me besøk av gode venner, og eg fekk ein heimelaga gave.
Fin, ikkje sant?

onsdag 10. desember 2008

Jul på kjøkkenet


Da er det jul på kjøkkenet.
Eg må ha litt raudt til jul, og har kjøpt raud julelift. Kombinert med gode dufter og masse lys gir det god julestemning.