mandag 29. mars 2010

Kjøpmannsdisken skal bli kvit

Her i huset har det til no vore ein saleg blanding av kvite og brune møblar...




Her har eg tatt av alle skålhandtaka.

Dei starta som luta,
vart deretter beisa brune,
og litt etter litt har dei blitt kvite.

No har eg fått ånden over meg,
og satt i gang med siste rest av det dystre og mørke.

Så i dag har eg ribba kjøpmannsdisken for knottar og skuffer,
og kasta meg over malespannet.
Sidan eg var så godt i gang,
tok eg spisestuebordet og salongbordet I samme slengen
.
Førstnemte bar preg av dårleg beising og feil valg av lakk...


Grøss og gru, jammen på tide med litt maling her ja...

Foreløpig har eg berre grunna, men du og du for ein forandring.
Etterbileter kjem når eg er ferdig :)


God påske til alle
fra meg og den lille påskeharen min

4 kommentarer:

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Spennande prosjekt☺ Er ein del brune møblar her og, innimellom nokre kvite, som skal få smake malekosten når eg får lov å begynne å male igjen☺
Lykke til☺

Klem M♥

MariMaja sa...

Hyggelig at du vil være med på trekning hos meg :)
Du dobbelt klikker på bildet og så kan du høyreklikke :)
Ha en fin påske :)
Klem fra Maja

Kjeruben sa...

Spennande! Gledar meg til å sjå!

Klem
PS. HERLIG påskekanin!

Presley sa...

Hvordan gikk det med malingen? Har ikke sett noen Etter bilder enda ??? Eller er jeg blind?