mandag 5. april 2010

Påskepynt og siste feriedag

Da er påska slutt for denna gangen.
Håpar alle har hatt ei flott påske, tross ikkje så alt for fint ver.
For oss har det har vore ein nydeleg ferie, og me har fått gjort masse.
Møblar og rom har blitt malt, og me har rydda og hogd i hagen.
Før og etterbileter av maleprosjekta kjem seinare ;)
Me har og kosa oss med god mat saman med venner og familie.
Kan det bli betre?

Denna kransen har eg på inngangsdøra,
tykkjer den er nydeleg med små egg og gåsungar.

Som pynt på lysestakar har eg nokre søte glassegg
som eg fekk hos Mollys heaven ein gong i tida.


I lysekrona heng egg som eg og vetlesnuppa lagde til påske i fjor.





Er ikkje så veldig glad i gult,
men tykkjer påskeliljer er kjempesøte, så det må eg ha litt av.



To små harepuser fra plantasjen.



Da er det full fart i morgo, med jobb og planlegging av bursdag.
Vetlesnuppa fyller heile sju år på onsdag, og det skal feirast med brask og bram på lørdag.
Kjem alle, blir det 20 småjenter rundt bordet!
Temaet for årets bursdag er det snuppa sjølv som har valgt,
nemleg sommarfuglar.
Ha ei flott veke alle saman!!




2 kommentarer:

Synnøve sa...

Hei
Så efektiv du har vært i påsken, som har malt både rom og møbler.
Det blir sikkert morsomt og få 20 jenter på besøk. Kan tenke meg det blir mye knising på de:))

Ha en fin dag

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Vel overstått! Håper du har hatt fine dager. Og lykke til med bursdagsfeiring!

Klem